Rosendal Mat & Kunstfestival

VELKOMEN TIL DEN tredje rosendal mat & kunstfestival!
Vi gler oss over å kunne innby til nok eit spenstig og samansett festival- program 9.-10. juli 2010.

Den spanande kombinasjonen av mat og kunst som initiativtakar Bjørn Moi la opp til har synt seg å verta ein gedigen suksess. Og det er kanskje ikkje så rart?

På festivalområdet på Skålakaien finn du nemlig mykje godt både for ganen og for auga. Festivalkokk i år er meisterkokken Geir Skeie, men vi har og vore så heldige å få med på laget to unge, lovande kokkar frå Gastronomisk

Festivalkunstnaren er Frans Widerberg, som har utstilling hjå Galleri G. Guddal. Til å setja sitt kunstneriske preg på festivalområdet har vi henta inn Cato Løland frå Sandvoll. Med mange mat og kunstboder, aktivitetar av mange slag og mykje god underhaldning for både store og små, skulle det vera noko for ein kvar smak denne flotte somarhelga.

Vi seier berre velbekome !

Vist 71 ganger.
Annonse