Elin Kvamme skal til VM i pesto

Elin Kvamme skal representere Norge i VM i pesto i Italia neste år. Ho gjekk sigrande ut av kvalifiseringskonkurransen under matfestivalen i Bergen søndag ettermiddag.

Kvamme er rektor på Sandgotna ungdomsskole og er leiar av Slow Food-organisasjonen i Bergen. Helse- og omsorgsminister Anne-Grete Strøm-Erichsen overrekte premien og diplomet til den glade vinnaren.

10 personar kvalifiserte seg til kvalifiseringskonkurransen i Bergen. Elin Kvamme skal delta i VM i pesto i Genova 24. mars neste år. Ho får gratis reise og opphald. I VM skal 100 personar frå heile verda delta.

Alle deltakarane i konkurransen i Bergen stilte med like vilkår. To representantar frå den internasjonale pesto-organisasjonen i Italia, Palatifini, Sergeo Di Paulo og Mauro Canepa, var i Bergen under matfestivalen og hadde alle ingrediensar med seg frå Italia.

Pesto er eit verdskjent matkulturprodukt frå Genova og regionen Liguria i Italia. Oppskrifta er frå ca 1850. Pesto inneheld mellom anna basilikum, kvitløk, ost, pinjekjerner og olivenolje. Den lagast i ein morter og blir til ein saus som kan nyttast på pasta eller i suppe. Her i landet blir den også brukt på fisk og andre rettar.

Hordaland fylkeskommune stod bak konkurransen og har i mange år samarbeidet med regionen Liguria og byen Genova i Italia om matkultur.

Les mei om konkurransen på: " http://pestochampionship.it/": http://pestochampionship.it/

Bjarte Brask Eriksen
Informasjonsrådgjevar

Agnes Mowinckels gt 5 | Postboks 7900 | 5020 Bergen
Tlf.: 55 23 99 43 | informasjon@post.hfk.no
www.hordaland.no

Vist 88 ganger. Følges av 1 person.
Annonse

Nye bilder