Medlemsmøte hos "Reindyrka"

Torsdag 18. november inviterer Slow Food Bergen til medlemsmøte i den nye, økologiske butikken www.reindyrka.no, Christian Michelsensgt. 1. Den åpna dørene 5. oktober.

Vi møtest kl. 18, rett etter stengetid. Eldsjelene bak butikken, Anja Eilertsen og Anne-Line Randal, vil fortelja om prosessen som omsider førte til at dei kunne åpna. Dei vil orientera om sine leverandørar og vareutvalget.
Litt smakeprøver vil vi få, og det blir sjølvsagt høve til å handla.

Det vil ikkje bli mulig med sitteplassar der, så vi kan gjerne gå på kafé etter at vi kjenner oss ferdige med besøket hos Reindyrka for denne gongen.

Vi ønskjer butikken hjarteleg velkommen, ein slik butikk har vore eit stort sakn etter at begge Helios-butikkane i Bergen la inn årane.
Kinsarvik har vore eit godt alternativ, men den nye butikken Reindyrka er fantastisk fin og har veldig spennande utvalg.

Velkommen, og ta gjerne med venner!

For styret i Slow Food
Gjartrud Kolås

Vist 1304 ganger. Følges av 1 person.
Annonse

Nye bilder